Til innholdet

22.10.2013

Differensiering og konkurransefortrinn i sjømatnæringa

FHF set i desse dagar i gong eit prosjekt for å sjå på korleis ein kan gjennomføre suksessfull produktdifferensiering i sjømatnæringa. Er det mogeleg å oppnå ei viss grad av skjerming mot konkurranse? Og kan ein gjere dette til eit varig fortrinn? Dette er nokre av spørsmåla prosjektet vil finne svar på.

Del artikkel
FHF styrkar den marknadsretta FOU-innsatsen, i tråd med ?Handlingsplan for sjømatnæringen innen områdene marked, handel og konkurranse for perioden 2009-2012? og set i 2009 i gong fleire marknadsretta prosjekt. Linken er dessverre fjernetKonkurransefortrinnLinken er dessverre fjernet Ei bedrift har eit konkurransefortrinn om den klarer å skape betre lønssemd enn konkurrerande bedrifter. Suksessfulle strategiar er ofte knytt til om bedriftene klarer å etablere varige konkurransefortrinn. For å skape slike varige konkurransefortrinn må ein vektleggje eigenskapar som ikkje er lette å kopiere. Nofima Marknad, som skal gjennomføre prosjektet, vil sjå på kva naturgitte fortrinn norsk sjømatnæring har som kan danne grunnlag for ein eller fleire differensieringsstrategiar i marknaden for norsk fisk. Ein vil som eit utgangspunkt sjå på to typer produkt der norsk sjømatnæring har både naturgitte fortrinn, stort volum og høve til å tilby ein meirverdi i form av ein viss tilverkingsgrad; fersk laks og fersk kvitfisk. Norsk laks har generelt eit godt rykte i marknaden. Vi ser likevel ofte at Norwegian Salmon vert brukt som eit generisk omgrep for atlantisk laks og ikkje spesifikt om norsk laks. Prosjektet vil mellom anna studere om pre-rigorprodusert laksefilet kan vere utgangspunkt for ein ny norsk differensieringsstrategi i forhold til det generiske lakseomgrepet. Linken er dessverre fjernetBedriftene som utgangspunktLinken er dessverre fjernet Nofimas tilnærming vil ta utgangspunkt i ein dialog med representative bedrifter i næringa. Basert på desse intervjua vil ein velje ut nokre marknader og kartleggje desse, t.d. Storbritannia, Frankrike og USA. Når kartleggjing av marknader og verdikjeder er gjennomført og analysert vil konkrete tilrådingar verte presentert for FHF og næringa. Eit prosjekt som konkret og systematisk vurderer og går gjennom ulike opningar for produktdifferensiering vil både redusere risikoen for å mislukkast, og også spare tid og ressursar for bedrifter som ønskjer å kunne differensiere sine produkt. Nytteverdien i prosjektet ligg difor både i at det vil identifisere relevante og realistiske differensieringsmoglegheiter, aktuelle marknader vert foreslått og eigenskapar ved marknadene og verdikjedene vert gjennomgått og vurdert. Prosjektet vil også gå inn i konkrete differensieringsstrategiar og måtar desse kan setjast i verk på, som kan danne grunnlag for strategiar i bedriftene. Prosjektet vert administrert av FHL på vegne av FHF, og vert gjennomført ved Nofima Marknad. Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up