Til innholdet

22.10.2013

Godt i gang med å kartleggje slakteutstyr

Over eit år før CO2 blir forbode til bedøving av fisk ved slakting, er ei ekspertgruppe godt i gang med å kartleggje alternative slaktesystem. Ved Marine Harvest sitt slakteri på Herøy er dei godt nøgde med kartlegginga så langt.

Del artikkel
- Vi er veldig imponert over FHF sin ekspertgruppe og dens sammensetning, uttaler fabrikksjef ved anlegget, Kjell Stokkbakken, til Norsk Fiskeoppdrett / kyst.no. Han fortel at dei hadde mange nyttige diskusjonar med gruppa. Linken er dessverre fjernetStrøm og slagLinken er dessverre fjernet Ei endring i slakteriforskrifta for akvakulturdyr gjer at det frå 1. januar 2010 blir ulovleg å bedøve fisk ved hjelp av gass. I dag er det vanleg å bedøve fisk med CO2 før den blir avliva. I utgangspunktet skulle forbodet gjørast gjeldande frå 1. juli 2008, men etter dialog mellom Fiskeri- og kystdepartementet og næringa, blei det semje om å utsetje fristen. Forskingsfondet FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond) har starta eit prosjekt for å forske på og kartleggje dei eksisterande alternative slaktesystema, som i hovudsak baserer seg på å strøm og slag for å passivisere og bedøve fisken. Deretter skal den dø ved blodtap frå hjernen, eller ved annan metode som ein kan dokumentera er forsvarleg. Roy Robertsen, som er prosjektleiar hos Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) og som administrerer prosjektet, fortel at det har vore stor utvikling i teknologi og system i seinare tid, men at ein ikkje heilt veit kor gode dei nye systema er. - Innføringa av den nye forskrifta er ei stor utfordring for slakteria, og næringa treng ei avklaring på kva for metodar som blir godkjente. Linken er dessverre fjernetGrunnlag for vidare avgjerderLinken er dessverre fjernet Ekspertgruppa skal vitja fire ulike slakteri som nyttar ulike system, og eit av slakteria skal liggje utanlands. I første omgang skal prosjektet levere ei delrapport som blir lagt frem på eit seminar på Gardermoen 16. oktober. Sluttrapporten kjem etter planen rett utpå nyåret, om lag eit år før CO2-forbodet trer i kraft. Fiskeri- og kystdepartementet vil bruke prosjektet som grunnlag for vidare avgjerder. Martin Binde frå Mattilsynet seier til Norsk Fiskeoppdrett / kyst.no at han ser frem til at rapporten blir ferdig. - Det er svært dyktige og kompetente folk som er med i ekspertgruppen, og rapporten kommer til å veie tungt når vi skal drive videre forvaltning og godkjenning av slakteutstyr. For meir informasjon om prosjektet, sjå  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskriving Linken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetartikkel på kyst.no 29.08.2008Linken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetslakteriforskrifta for akvakulturdyr Linken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up