Til innholdet

Enkelte eldre prosjekter i databasen, særlig fra før år 2008, kan fremstå med mangelfull informasjon på grunn av overgang til nytt nettsted. Vi jobber fortløpende med forbedringer, skulle du oppdage feil, ikke nøl med å ta kontakt med prosjektansvarlig hos oss.

Prosjektnummer

900044

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 900044
Status: Avsluttet
Startdato: 21.04.2008
Sluttdato: 15.10.2008

Evaluering av gjennomførte FoU-prosjekter for kongsnegl

Sluttrapport 30.06.2009 18:39:09:
Rapportert i postforsendelse av 170609


30.06.2009 18:39:09 Sluttrapport:
Rapportert i postforsendelse av 170609
Dei tradisjonelle fiskeressursane i den norske fiskerisona er sterkt beskatta, og norske fiskarar og eksportørar er interesserte i å finne nye drifts- og omsetningsmulegheiter. I kystnære område finnes det mange artar og ressursar som i dag ikkje blir utnytta, sjølv om det er etablert omsetning for dei i mange marknadar. I dag er det aukande etterspurnad etter kongesnegl i fleire marknadar. Norske fiskarar og bedrifter ser derfor mulegheiter for å utnytte denne arten i norske farvatn.

I perioden 2004 til 2007 er det gjennomført mange utviklingsprosjekt for kongesnegl i regi av FHF og LUR programmet. Prosjekt innanfor fagområda ressurskartlegging, fangst, produksjon og marknad er utført. Møreforsking utarbeida på vegne av LUR programmet ein handlingsplan for kongesnegl  for perioden 2006 til 2007.

Gjennom forsøksfiska som er gjennomført har ein fått gode indikasjonar om at kongesnegl er utbredt langs heile norskekysten. Det er i dag ikkje reguleringsmessige hindringar for å utvikle teinefiske etter arten. To bedrifter har etablert mottak for kongesnegl i 2006, men ein har ikkje greidd å få til lønnsam produksjon. Prisen til fiskarane har vore for lav til at ein har fått eit regulært fiske. Dette har gitt lite landa kvantum og mangel på råstoff for bedriftene.

Gjennom prosjektet skal ein evaluere fiskarane, bedrifter og forskarar sine erfaringar med kongesnegl. Målet er å identifisere flaskehalsar og stake ut kursen for det vidare utviklingsarbeidet for kongesnegl.
Målsetninga med arbeidet i dette prosjektet er å evaluere resultat frå gjennomførte FoU prosjekt for kongesnegl og kome med forslag om prioriteringar for det vidare arbeidet.
Gjennom forsøksfiska som er gjennomført har ein fått gode indikasjonar om at kongesnegl er utbredt langs heile norskekysten. Det er i dag ikkje reguleringsmessige hindringar for å utvikle teinefiske etter arten. Gjennom prosjektet skal ein evaluere fiskarane, bedrifter og forskarar sine erfaringar med kongesnegl for å identifisere flaskehalsar og stake ut kursen for det vidare utviklingsarbeidet for kongesnegl.

Den overordna målsetninga med arbeidet er å få etablert kommersiell utnytting av kongesnegl i Norge. Det vil kunne legge grunnlag for at kystfiskere får økt lønnsomhet i fisket ved at de får muligheten til å fiske etter kongsnegl deler av året når det er dårlig tilgang på vanlige kommersielle arter, eller ved at de kan drive et kombinasjonsfiske etter kommersielle arter og kongsnegl.
Møreforsking har ansvaret for å evaluere erfaringar og resultat for gjennomførte utviklingsprosjekt for kongesnegl. Det vil bli avvikla møter og telefonmøte med dei viktigast næringsaktørane og forskarane som har vore involvert i arbeidet med kongesnegl.

I prosjektperioden skal ein ha eit nært samarbeid med koordinatoren for LUR programmet. Det vil også bli etablert kontakt med Nofima i Tromsø.

Resultatene fra evalueringen oppsummeres i en rapport som oversendes næringsaktører, forskningsmiljøer og forvaltning. Videre skal det spres informasjon fra prosjektet via hjemmesidene til FHF, FHL og Norges Fiskarlag.
keyboard_arrow_up